Kleppa_dok8_100402
Dokument
nr. 8:109
(2001-2002)
Forslag frå
stortingsrepresentant Magnhild Meltveit Kleppa om oppnemning av ein kommisjon
for vidare førebuing av eit nasjonalt krigsbarnoppgjer
Til
Stortinget
Bakgrunn
Krigsbarna
sin situasjon i Noreg i etterkrigstida er eit dystert kapittel i vår nære
fortid. Mange tusen barn fødde med tysk far og norsk mor har vore utsette for
ein kollektiv urett som samfunnet må rette opp. Det er no snart 60 år sidan
den andre verdskrigen tok slutt. Det er såleis på høg tid at denne saka no
kjem til sin ende.
Våren 1998 blei det tatt eit initiativ
ifrå Sosial- og helsedepartementet for å utarbeide ein kunnskapsstatus om
krigsbarna. Det var ynskjeleg å kartleggje oppveksttilhøve og undersøkje påstandar
om offentleg underslag av midlar, trakassering og maktovergrep. Noregs
forskningsråd fekk oppdraget. Året etter vart det utarbeidd ei såkalla «Kvitbok»,
ei samling offentlege dokument om dette temaet. Dessutan kom rapporten «Fiendens
barn».
Denne
rapporten konkluderte mellom anna med at det var behov for eit større
forskingsmateriell for å få klårlagd krigsbarna sine oppvekstvilkår, dei
overgrep dei måtte ha opplevd og dei forsømingar frå samfunnet krigsbarn kan
ha vore utsette for. Regjeringa løyvde difor midlar til eit omfattande
forskingsprosjekt.
Resultata
av desse granskingane vil liggje føre om tre år frå no. Forslagsstillaren
meiner at den pågåande forskinga ikkje er til hinder for at det parallelt blir
førebudd erstatnings- og oppreisningstiltak for dei barna som er ramma. Det må
understrekast at det undervegs i førebuinga av førre forskingsprosjekt kom
klart fram at slett ikkje alle i gruppa krigsbarn er interesserte i at det blir
«rippa opp» att i denne delen av krigssoga. Det bør likevel ikkje vere til
hinder for ein gjennomgang for dei mange som enno slit med vonde minne og påkjenningar
og som er merkte av det dei har opplevd. Tilbod om to nasjonale identitetar,
inntektsbortfall, svekka pensjonsrettar er døme på tema som høyrer med i ein
slik samanheng. Hausten 2001 vart det ført ei rekkje rettssaker mot staten kor
krigsbarn gjekk til sak av di dei meinte staten stod ansvarleg for den
fornedrande behandlinga dei hadde vore utsette for. Saksøkjarane fekk ikkje medhald.
I dommen heiter det mellom anna:
«Retten
kan etter dette vanskelig se at en fortsatt prøving av saken vil kunne føre
med seg noe godt for saksøkerne. Partene er enige om at behandlingen av
krigsbarna i Norge ikke er et avsluttet kapittel. Etter rettens mening vil det være
best for alle involverte at spørsmålene overlates til historikerne og
politikerne, ikke til juristene.»
Forslagsstillaren
meiner Stortinget må ta sin del av ansvaret for å sjå til at den uretten som
er gjort både direkte frå det offentlege si side, men òg frå samfunnet elles
mot desse barna, blir retta opp. Dei har fått ei orsaking gjennom statsminister
Kjell Magne Bondevik sin nyårstale 1. januar 2000. Dei har også rett til ei
moralsk oppreising og ei særskild vurdering i høve til eit økonomisk oppgjer
frå samfunnet.
Forslag
På
denne bakgrunn vert det fremja følgjande
f o r s l a g :
Stortinget ber Regjeringa
oppnemne ein kommisjon som skal vurdere eit særskilt krigsbarnoppgjer.
Kommisjonen skal vurdere grunnlaget for ei oppreisning mot desse barna og tilrå
kva form eit slikt oppgjer skal ha.
10. april 2002
Link til Dokumentet nr.8: 109.
ooooOoooo
(C)2002
NKBF ![]()
Tilrettelagt for internett av Norges Krigsbarnforbund (NKBF). Homepage: http://www.nkbf.no